Hopp til hovedinnhold
Plakat for «Haus of Friele» dragshow og prideklubb 29. august kl. 20.00, med fire dragartister i fargerike kostymer mot lilla bakgrunn og logoene til Sogna Pride og Studentsamfunnet i Sogndal.

Haus of Friele // Dragshow + Prideklubb

Sogndal, Tanken på Meieriet

Styreleiar@meieriet.no

18

Høgskulen på Vestlandet

Om eventet

Haus of Friele kjem til SognaPride 29. august!

Haus of Friele er eit bergensbasert Haus som har vorte ein viktig og synleg del av det skeive kulturlivet i Bergen og leverer varierte show med alt imellom: lipsyncs, konkurransar, publikumsinteraksjon og performancekunst!

Sidan starten i 2019 har dei innteke mange små og store scener, frå Bergen til Tigerstaden til bibelbeltet. I 2020 fekk prisen på dei Regnbuedagenes for Ildsjel i år, og i 2023 tok dei også imot ein pris for beste paradeinnslag. Artistane i Haus of Friele har alle eigne, unike uttrykk, og huset er ein arena der dei løftar og heiar fram kvarandre, og dyrkar mangfaldet internt i gjengen.

Til showet vil du kunne sjå fire dragartistar på scena: Mister Maple, Rizzo, Juan Felipe Machista og Miss Beehives. Du vil få oppleve demonisk drag frå Mister Maple, magiske lipsyncs frå dronninga Rizzo, danse deg vekk med dansekongen Juan Felipe Machista og la deg forføre av skjønnheitsdronninga Miss Beehives!

Gjer deg klar for eit forrykande dragshow med kings, queens, kunst, stunts og grensesprengjande drag!

Denne nettsiden anvender cookies. Vi bruker informasjonskapsler for å gi innhold og annonser et personlig preg, for å levere sosiale mediefunksjoner og for å analysere trafikken vår. Vi deler dessuten informasjon om hvordan du bruker nettstedet vårt, med partnerne våre innen sosiale medier, annonsering og analysearbeid, som kan kombinere den med annen informasjon du har gjort tilgjengelig for dem, eller som de har samlet inn gjennom din bruk av tjenestene deres.

Les mer om vår bruk av informasjonskapsler