
TØFL // Konsert // Meieriet
Om eventet
Eg e deg - TURNÉ!
TØFL slepper ny musikk og spelar sine største klubbkonsertar over heile landet.
Enorm energi, relaterbare tekstar og rungande allsang. Skiljet mellom publikum og bandet forsvinn, og det er som om heile salen strekkjer seg mot noko større saman.
«Det var rein uhemma glede både på og framfor scena. Ein slik konsert der du kosar deg, sjølv om det pøsregnar»
– Adresseavisen, om TØFL på Pstereo, terningkast 6
Med debut-EP-en «Eg ska» frå 2018 etablerte TØFL seg raskt som eit band med ei unik evne til å setje ord på eksistensen, på ein måte dei fleste kan kjenne seg att i. Debutalbumet «Eg fins, WTF!?» frå 2022 fekk solide meldingar, og blei etterfølgt av utseld Rockefeller. Sist sommar var dei det mest etterspurde bandet på Balestrand Badeklubb, og dei har headlina Mablisfestivalen og Fredvikafestivalen. Dei har selt ut scener som Samfundet og Fiskepiren fleire gonger.
«På scena er TØFL eit band med uendeleg publikumstekke og energi. (...) Om du aldri har høyrt ei TØFL-låt før, så tek det deg eit par minutt før du er sjarmert i senk. (...) Her stod dei på plakaten saman med live-legender som Honningbarna og Spidergawd, men klarte likevel å levere dei beste augneblikka av rein festival-lykke.»
– NRK P3, Jesper Nondal om TØFL på Fresn
«EP-en «Eg ska» og debutplata «Eg fins, WTF!?» kunne like gjerne blitt kalla «Greatest Hits Vol. 1» og «Vol. 2», for heile salen syng med på samtlige låtar, som alle blir møtte med like store dosar engasjement. (...) Hadde eg vore bookingansvarleg for sommarfestivalar i vårt langstrakte land, hadde eg gjort mitt ytste for å få Tøfl så langt opp på plakaten som mogleg. Kvifor? Fordi publikum går bananas over alt dei gjer.»
– Aftenbladet, om TØFL på Fiskepiren
Relaterte eventer

fredag 18. september 2026
Forstad // Intimkonsert // Laben
–
Sogndal, Laben på Meieriet
Studentsamfunnet i Sogndal

mandag 14. september 2026
popOPP – festivalen for studententreprenørskap
–
Bergen, Bergen Street Food, Vektertorget, Christies gate 13
Gründercampus

onsdag 16. september 2026
Laben Kafe & Bar
–
Sogndal, Laben på Meieriet
Studentsamfunnet i Sogndal
