
Haus of Friele // Dragshow + Prideklubb
Sogndal, Tanken på Meieriet
Styreleiar@meieriet.no
18
Høgskulen på Vestlandet
Om eventet
Haus of Friele kjem til SognaPride 29. august!
Haus of Friele er eit bergensbasert Haus som har vorte ein viktig og synleg del av det skeive kulturlivet i Bergen og leverer varierte show med alt imellom: lipsyncs, konkurransar, publikumsinteraksjon og performancekunst!
Sidan starten i 2019 har dei innteke mange små og store scener, frå Bergen til Tigerstaden til bibelbeltet. I 2020 fekk prisen på dei Regnbuedagenes for Ildsjel i år, og i 2023 tok dei også imot ein pris for beste paradeinnslag. Artistane i Haus of Friele har alle eigne, unike uttrykk, og huset er ein arena der dei løftar og heiar fram kvarandre, og dyrkar mangfaldet internt i gjengen.
Til showet vil du kunne sjå fire dragartistar på scena: Mister Maple, Rizzo, Juan Felipe Machista og Miss Beehives. Du vil få oppleve demonisk drag frå Mister Maple, magiske lipsyncs frå dronninga Rizzo, danse deg vekk med dansekongen Juan Felipe Machista og la deg forføre av skjønnheitsdronninga Miss Beehives!
Gjer deg klar for eit forrykande dragshow med kings, queens, kunst, stunts og grensesprengjande drag!
Relaterte eventer

fredag 4. september 2026
Anna Soleil og Signe Dø // Intimkonsert // Laben
–
Sogndal, Laben på Meieriet
Studentsamfunnet i Sogndal

lørdag 22. august 2026
Lars Vaular // Konsert // Meieriet
–
Sogndal, Tanken på Meieriet
Studentsamfunnet i Sogndal

lørdag 29. august 2026
HUSFEST 2026
–
Bergen, HVL Campus Bergen
Bergen Teknikersamfund
